Heim

Friday, May 30, 2025

Golsbunaden

Hulda skriv i Heimen som ho redigerar i "For by og bygd, 26. oktober 1913: "Ved eit mishove var der i nr. 19 av For Bygd og By kome inn eit framstykkje til Golsbunaden som ikkje høyrde til. Idag kjem det rette. Der er som eg sa fyrr elles fleire former paa Golslive.

Idag hev me og mønster til Golsluva. Ho er mykje bruka til vinterluva ikat born buade i bygd og by no, ikkje berre til bunaden. Ho er lett aa saume, høveleg og fin. Dei som er flinke til aa telkna kann sikkert greie aa fare mynster over paa tøye sjølve; dei som vil ha paateikna kann skrive til For Bygd og By. Baade luva og live kann ein faa i tvo storleikar."

Sjå, og last ned sida i betre opplysning på Nasjonalbibliotekets nettsidar. 

Wednesday, May 28, 2025

Hulda og bunaden – ei drakt for folket

Hulda Garborg vert ofte kalla «alle bunaders mor». Men for Hulda var bunaden langt meir enn ei drakt – ho såg han som ei rørsle, ei kulturell gjenreising og ei politisk handling. Gjennom arbeidet med folkedrakter ville ho styrkje den nasjonale sjølvkjensla, fremje kvinneleg skaparkraft, og gje norske kvinner eit alternativ til den borgarlege moten frå Europa. Bunaden skulle vere rotfesta i norske tradisjonar og uttrykkje ei stolt, levande arv.

Ein av dei første stakkane hennar, sydd kring 1900, er i dag tilbake på Labråten og Asker Museum – heimen ho delte med mannen Arne og eit senter for deira visjonar og arbeid. I 1903 gav ho ut heftet Norsk klædebunad, der ho skildra festbunader og gav praktiske råd om saum og bruk. Ho meinte at bunaden skulle brukast – ikkje samlast på. Han skulle leve i kvardagen og i høgtida, og vere ein del av ei rørsle frå grasrota.

Hulda utvikla sin eigen bunad, Huldadrakta, med inspirasjon frå Hallingbunaden frå Gol. Med stødig hand, stor estetisk sans og kulturpolitisk klårskap tilpassa ho snitt og uttrykk, slik at drakta både var vakker, funksjonell og identitetsskapande. Ho var opptatt av at bunaden ikkje måtte bli eit museumstekstil, men noko som skulle elskast, slitast og fornyast.

Under opphaldet hennar i Østerdalen inspirerte ho også lokale drakttradisjonar – fleire bunader i området i dag kan førast attende til hennar rådgjeving og opplæring. Hulda var ikkje berre ein forkjempar for bunaden som nasjonalt symbol, men ein aktiv kunnskapsformidlar og kulturbyggjar.

I dag finst det ei rik breidde av bunader over heile landet – kvar med si eiga historie, men mange med røter i tankane og arbeidet til Hulda Garborg. Ho sette spor, ikkje berre i broderi og saum, men i sjølve ideen om at kulturarv må vere levande, delt – og til å bere vidare.

🎧 Bunadspodden har vore på besøk på Labråten og snakka om Huldas bunader. Høyr episoden her 

Eit år med Hulda Garborg – førstemann får signert utgåve!

Eit år med Hulda Garborg  – førstemann får signert utgåve! 29. november kjem boka  Eit år med Hulda Garborg  (299,-) i bokhandel. Dette er e...