"Det skal vera bra med moltur mange stader i år," noterer Hulda i Heimen-spalta avisa For bygd og by. For Hulda var ikkje sylting berre ein haustleg aktivitet, men ein del av eit større prosjekt: å ta vare på, å halda fast ved noko som snart kunne gå tapt. "Av alle dei maatar me hev prøvt aa gøyme desse gode bæri paa tykkjer me denne er best," skriv ho vidare, før ho trinn for trinn gir ei nøyaktig oppskrift på korleis ein skal berge bæra: Legg dei friske bæri utan sukker paa gullreine ‘Norigsglas’. Pakk glasi i høy eller avis og set dei i kaldt vatn i gryta. Kok dei ein halv time. Skruv loki vel til og set dei paa hovudet til dagen etter. Dette viser korleis kjøkenet på Labråten har vore på denne årstida: lukta av våte aviser, dampen frå gryta, klirring av glas som vart skrudde til og sett på hovudet i spent forventning.
Så kjem åtvaringa, så levande at ein kjenner suget i magen: "Er dei daa ikkje tette, vert det vaate ringar under dei paa golvet, og daa bør ein bruke dei straks. Dette maa ein agte vel paa; for gummiringane hev ofte vore lite gode dei seinste aari." Hulda veit kva det betyr når sylteglaset sviktar. Ho har sett dei mørke ringane, kjent lukta av bær som har gått gale, og opplevd korleis heile sommarens strev kan gå tapt. Likevel finst det ein kraft i måten ho skriv på: ei blanding av presisjon og poesi, eit språk som gir kvinnene som les ei kjensle av både autoritet og fellesskap.
For i 1919 var det å hermetisere frukt ein del av ein større livsstrategi. Å ta vare på det naturen gav, å stå imot knappheit og dyrtid, å skape tryggleik i eigen heim. Hulda løftar det praktiske opp i noko større: ein livskunst. Ho viser korleis det huslege kan vere både politisk og poetisk. Bak oppskrifta ligg ei erkjenning av råderett – retten til å skape verdi av det ein har for handa. Mellom linjene skriv Hulda om motstandskraft, om fridom i det små. Sylteglaset blir eit symbol på ein større kamp: å gje heim og kvardag meining, og å gje kvinner ein plass som meir enn berre forvaltarar – men som aktive skapande krefter i samfunnet.

No comments:
Post a Comment