Heim

Saturday, November 8, 2025

Eit år med Hulda Garborg – førstemann får signert utgåve!


Eit år med Hulda Garborg – førstemann får signert utgåve! 29. november kjem boka Eit år med Hulda Garborg (299,-) i bokhandel. Dette er ei bok eg har arbeidd med lenge – eit år i Huldas liv, dag for dag, der dagbøker, brev og aviser får møte vår tid. Ei bok om arbeid, draumar, kvinnekamp og kvardagsliv. Ei bok om å vere synleg – og om prisen som kan ligge i det.

Men: Før boka ligg i hyllene, kan du bestille eit signert eksemplar direkte. Slik bestiller du signert bok:

Vel boka/lenka: Eit år med Hulda Garborg
Skriv gjerne i skrivefeltet om du vil ha ei personleg helsing
Bestill med å skrive navn og adresse og "send."

Eg signerer – pakkar – og sender heim til deg før lansering
Dette er ei fin gåve til nokon du kjenner som er glad i litteratur, kvinnehistorie, bunad, folkekultur – eller rett og slett gode forteljingar frå livet som det faktisk var levd. Eller til deg sjølv, sjølvsagt.
Eg gler meg stort til å dele denne boka med dykk.

Med varm helsing, Birgitte

Hulda på Kunstsilo

Kathrine og Birgitte har snakka om kunstprosjektet "Eit år med Hulda Garborg" på NRK Sørlandet. Det er alltid inspirerande å løfte...