Men Hulda stoppa ikkje ved kvileputene. Ho såg òg ljoset – bokstaveleg talt. «Er ein litt hendig,» skreiv ho, «kann ein laga staaltraadgrindi til desse skjermane sjølv … so hev ein friske skjermar til hausten kjem.» Lampeskjermar av bandstubbar, blondekantar og perleduskar vart til både handverk og heimskunst. I ei tid då fabrikkvarer vart fleire, billigare og freistande, løfta Hulda fram det heimelaga – ikkje som ein trong plan B, men som ein kulturell motkraft. Heimelaga arbeid var ikkje noko mindreverd, men tvert imot eit uttrykk for sjølvstende, skjønnheit og skaparglede.
Medan kveldssola sakte seig bak låven, sat kvinnene på trappa eller ved vindauget med nål og tråd. Dei skapte skjermar for ljoset, puter for kvila, posar for sysaker, og kanskje eit litet stykke fellesskap på kjøpet. Rundt dei låg restane som ikkje lenger var restar, men ressursar: ein bit fløyel her, ein blondekant der, ein knapp som venta på ein ny plass. Alt medan ein ny haust venta – og eit nytt arbeid låg framfor dei, var handa og tanken i sving, roleg, målmedvete og trassig: Gjer det sjølv.
Huldas oppskrift kan lastas ned på Nasjonalbibliotekets nettsider


No comments:
Post a Comment