Heim

Thursday, August 28, 2025

Å sy seg nærmare Hulda





Tusen takk for ein nydeleg Hulda-workshop på Verkstedet – i samarbeid med Kristiansand Folkebibliotek og Kristiansand Kunsthall. Det var så inspirerande å sjå korleis deltakarane kasta seg inn i broderi, samtalar og refleksjonar om Hulda Garborg si arv. Slike møte gjer historia levande, og minner oss om kor viktig det er å dele både handverk, ord og engasjement. Ein stor takk til alle som kom, til samarbeidspartnarane som opnar dørene sine, til Cultiva Express og til dei som er med og løftar fram Hulda si stemme inn i vår tid. 

Wednesday, August 27, 2025

Hulda på Kunstsilo



Kathrine og Birgitte har snakka om Hulda Garborg på NRK Sørlandet 27. august (kl 15.40-55) Det er alltid inspirerande å løfte fram Huldas modige stemme – som forfattar, feminist og kulturpioner – og å vise kor brennaktuell ho framleis er. Vil du bli med på Hulda-workshop på Kunstsilo? Påmelding her 
Ull på ull – Hulda på Kunstsilo
Bli med på en kreativ kveld med broderi, sterke meninger og god stemning!
Kunstsilo inviterer til en litt annerledes workshop der du får sy, snakke og bli inspirert – midt i et kreativt verksted med fokus på Hulda Garborg (1862–1934). Hun var forfatter, bunadsentusiast og en ekte pioner for både språk, kvinne­kamp og norsk kultur. Huldas engasjement er brennaktuelt også i dag.
Kathrine Gregersen og Birgitte Kleivset holder workshopen.
I løpet av kvelden kan du:
Teste broderi på ull – med både tradisjonelle og egne symboler
Høre korte tekster av Hulda og prate sammen om hva hun mente
Lage pins eller små broderier med egne budskap
Snakke om hva ord, kunst og engasjement kan bety i en urolig verden
Du trenger ikke kunne brodere fra før – her er det rom for både nybegynnere og de som har sydd tidligere.
Materialer er inkludert i billettprisen, det er også en boblende aperitiff. Arrangementet har ingen aldersgrense, men vi forholder oss til skjenkebevillingens regelverk. Vi har også alkoholfritt alternativ til serveringen.
Møt opp kl. 18.00 i Multisalen. Workshopen varer i ca. 2, 5 timer og slutter kl. 20.30.
Dersom du ønsker å spise i forkant av arrangementet, anbefaler vi å booke bord i Brasseri på telefon +47 919 97 455. Les mer om Brasseri og se menyen.
Brasseriet holder åpent til kl. 22 denne kvelden. Velkommen!

Friday, August 22, 2025

Broderiverkstad på Kunstsilo 22. august

 



Kathrine og eg er godt i gang med Hulda Garborg-workshopane våre. I dag hadde vi heile 15 ungdomar som sat saman med oss på Kunstsilo og broderte – så inspirerande! Neste gong møtest vi på Verkstedet på Kristiansand folkebibliotek / Kunsthallen onsdag 27. august. Og 24. september blir det broderiverkstad for vaksne på Kunstsilo. Velkomen! Prosjektet er støtta av Cultiva Express.


Tuesday, August 19, 2025

Frispråk og latter

"Hvis man vilde skrive det som blev snakket i et slikt Damelag, vilde alle si det var Løgn." Slik noterer Hulda i dagboka si denne dagen. Ho har nett vore i selskap der det rundt bordet sit kvinner ho omtalar som "dannede Damer" – ikkje på den stive, reserverte måten, men som deltakarar i eit fellesskap som vågar meir. Orda som fell, er så frimodige og rå at ein mannleg observatør knapt ville trudd sine eigne øyre. Dette er ikkje dei damene som aldri seier noko som kan gjere ein flau. Nei – det Hulda merkar seg, er ei anna kraft: ei språkleg fridom som spring ut av erfaring, sjølvironi, humor og gjensidig tillit. Det er frispråk som livsform, ikkje som kulissar.

Tankane hennar går tilbake selskap på Lysaker, nokre år tilbake, der ho høyrde Eva Nansen og Sophie Voss snakke så ope og usjenert at ho knapt trudde sine eigne øyre. Den gongen verka det nesten sjokkerande – at kvinner kunne leggje frå seg masker og konvensjonar og le høgt, utan skam. No, i 1918, opplever Hulda at pendelen verkeleg har svinga. Vi er på veg bort frå det ho kallar "Snerperiet og de nedslagne Øine". Det naturlege har teke over for det tilgjorte. Kvinner snakkar om livet sitt – ufiltrert – og latteren har ikkje lenger status som synd eller forseelse. "Den ventes," skriv ho med eit glimt. Latteren er ikkje berre tillete; den er sjølve rytmen i rommet, den pulsen som held samtalen levande.

For Hulda er dette meir enn ein trivselssituasjon rundt eit teselskap. Ho ser at noko større er på ferde. I dei uformelle romma – der kvinnene kan kviskre og rope, spøke og dele alvor – blir ein ny type makt fødd. Språket sjølv endrar seg. Det private samtalerommet får eit preg av verkstad for ei ny kvinneleg rørsle: her blir autoritetane utfordra, her blir erfaringar delt, her blir det laga språk for liv som tidlegare var forstumma. Og Hulda ser det, med den same klåre blikk som ho har brukt til å følgje andre samfunnsendringar: det som før var gøymt bak nedslagne auge, kan no løftast fram i opne sinn. Mellom tekoppar og latter, midt i det tilsynelatande trivielle, skjer eit stykke kvinnehistorie.

Friday, August 15, 2025

To workshops på Kunstsilo – éin på Kristiansand folkebibliotek / Verkstedet 🪡✨

Denne hausten inviterer vi til tre kreative verkstader der deltakarane får brodere sin eigen #HuldaKnapp – inspirert av forfattar, teatersjef og kulturkraft Hulda Garborg. Knappen er utvikla av kunstnarane Kathrine Gregersen og Birgitte Kleivset, og er ei tekstilbrosje du får med deg heim.

📍 Kunstsilo Ung, MultisalenFredag 22. august, kl. 16–21 (for ungdom 13–18 år)
📍 Kristiansand folkebibliotek / VerkstedetOnsdag 27. august (for ungdom)

📍 Kunstsilo24. september (for vaksne)

Arrangementa for ungdom er gratis, men krev påmelding.
Prosjektet er ein del av Eit år med Hulda Garborg og vert støtta av Cultiva Ekspress.

Thursday, August 14, 2025

Huldaknapp på Kunstsilo Ung


🪡✨ Broder din eigen #HuldaKnapp på Kunstsilo Ung!Fredag 22. august kan du bli med på ein kreativ kveld inspirert av forfattar og kulturkraft Hulda Garborg – dama som løfta fram bunadstradisjonar og norsk folkekultur.

Vi broderer Hulda-knapp, utvikla av kunstnarar Kathrine Gregersen og Birgitte Kleivset ei brosje i tekstil du får med heim 🧵💛
📍 Kunstsilo Ung, Multisalen
⏰ Fredag, 22/8 16–21
👥 For deg mellom 13–18 år
💰 Gratis – men hugs å melde deg på!
👉 Sjå alle aktivitetar og meld deg på på kunstsilo.no

Prosjekt og workshop er støtta av Cultiva Express

Tuesday, August 12, 2025

Hulda-knappen ✨🪡

Hulda Garborg henta fram lokale drakttradisjonar, vidareutvikla dei, og gav dei sitt eige preg. Med sitt bunadshefte bok Norsk Klædebunad i 1903 gjorde ho blant anna Gol-bunaden kjend og ettertrakta, og ho utvikla si Hulda-drakt ut frå denne. Bunaden er ein kombinasjon av rekonstruerte element frå gamle draktskikkar og Hulda sine eigne idear. 

No kan du brodere eit lite stykke av denne historia sjølv: Hulda-knappen. 🧵Knappen er inspirert av Hulda sitt eige arbeid, og kjem som eit komplett lite sett du kan sy saman. Resultatet kan brukast som brosje, pynt eller ein liten minnebit av bunadskulturen. Med nål, tråd og nokre enkle sting blir du ein del av den lange rekkja av hender som har forma og vidareført bunadstradisjonane i over hundre år – akkurat slik Hulda ønska. 💛

Vi held workshops på Kristinansand Folkebibliotek Ung/Verkstedet/Kunsthallen 27. august, på Kunstsilo Ung 22. august og for vaksne på Kunstsilo (dato kjem.)


Tuesday, August 5, 2025

Hulda Garborg – 10 spørsmål


1️⃣ Kva for spor sette Hulda Garborg i norsk litteratur – og kan ho kallast ein stor forfattar?
2️⃣ Kvifor valde Hulda å skrive nokre bøker og skodespel anonymt?
3️⃣ På kva måtar var Hulda feminist – og korleis kjempa ho for kvinners plass i samfunnet?
4️⃣ Var Hulda kontroversiell i si samtid – og kva gjorde at ho skapte debatt?
5️⃣ Korleis vart Hulda ein forkjempar for bunad – og kan vi kalle henne «bunadens mor»?
6️⃣ Var bunaden for Hulda berre festdrakt – eller også politikk og kulturkamp?
7️⃣ Kva er norsk kultur for deg – og kva rolle spelte Hulda i å forme denne ideen?
8️⃣ Kva slags teater og folkedansmiljø bygde Hulda opp – og kvifor vart det så viktig for henne?
9️⃣ Korleis balanserte Hulda kunstnarlivet, ekteskapet med Arne Garborg og sine eigne ambisjonar?
🔟 Kva kan vi i dag lære av Hulda Garborg – både som kunstnar, strateg og menneske?

Eit år med Hulda Garborg – førstemann får signert utgåve!

Eit år med Hulda Garborg  – førstemann får signert utgåve! 29. november kjem boka  Eit år med Hulda Garborg  (299,-) i bokhandel. Dette er e...