Heim

Saturday, September 27, 2025

Bunad og broderi

Bli med på Broderi og boblar på Asker Museum. Etterpå blir det panelsamtale om Hulda og verda med leiar Inger Undheim i Nasjonalt Garborgsenter, og konservator, utstillingsleiar Miriam Røsler-Nilsen frå Asker Museum og forfattar Birgitte Kleivset.


Hulda skriv i tidsskriftet "For bygd og by" 28. september 1913 om noko ho brenn for: norske bunader – ikkje berre som plagg, men som kulturberarar. I dag lyfter ho fram Golsbunaden, ein drakt som etter hennar meining er blitt "likso kjend og kjær kring i landet som Hardangerbunaden". Men Hulda er ikkje nostalgikar. Ho held fast på at folkedrakter må kunne endrast – utan å miste sjela si. Gamle former skal ikkje vere evige og urørlege. "Ingenting kann vera ubrigde til æveleg tid; der skal vera utvikling i alt," skriv ho.

Det handlar ikkje om å følgje snøgg mote, men om å gjere bunaden tidhøveleg og høveleg for kroppen, rørsla og kvardagen. Ho vil ha lettheit, ikkje tunge stakkar som veg "mange bismepund" og heng i 12 alnar nedetter. Den moderne bunaden skal vera fotfri, varm, ven, og – ikkje minst – god å dansa i. Hulda skriv praktisk: korleis ein syr ryfter i stakken, kor brei ein bord skal vera (helst 5–8 cm eller meir), og korleis rosesaum og plantefarga garn gjev både prakt og slitestyrke. Ho åtvarar mot å bruke ullgarn på kvitt tøy – det vert gult og graatt av vask. Bruk silke, skriv ho, og bruk mønstra som fylgjer med i bladet.

Hulda viser sitt blikk for både handverk, estetikk og funksjon. Ho er ikkje berre forfattar og målreisar, men formgivar og folkekunstnar, og ser kvinnekroppen, rørsla og dansen som ein del av nasjonsbygginga. Bunaden er ikkje ein museumsgjenstand. Han er levande – og han skal kunne nyttast med glede. "Finare og høvelegare klæde kann ikkje kvende bera," skriv Hulda om Golsbunaden. Det er ein hyllest – ikkje berre til bunaden, men til kvinnene som ber han.

Finn meir informasjon om arrangementa her: https://mia.no/askermuseum/broderier-og-bobler

Thursday, September 25, 2025

Om kunstprosjektet

Eit år med Hulda Garborg 2024-25 er eit digitalt og litterært kunstprosjekt som løftar fram arven etter forfattar, dramatikar og kulturforkjempar Hulda Garborg (1862–1934). Gjennom daglege innlegg i nye media og nye tolkingar vert Huldas liv og verk knytt til aktuelle tema som språk, kvinnefrigjering, bunad og folkekultur. Prosjektet omfattar òg verkstader i samarbeid med kunstar Kathrine Gregersen, føredrag og digitale arrangement.

Prosjektet visar korleis tradisjonell kulturarv kan levandegjerast for eit moderne publikum, og er støtta av Cultiva og Nasjonalt Garborgsenter.

Kontakt prosjektleiar: Birgitte.Kleivset@gmail.com / 958 377 15 @smeigedag CV

Siste Hulda-workshop på Kunstsilo 24. september

 


Stas med fullt hus på siste Hulda-workshop på Kunstsilo. Takk til alle som kom, og ein hjartleg takk for støtta frå Cultiva Express. No går turen vidare for Kathrine og Birgitte til Asker museum saman med Inger frå Nasjonalt Garborgsenter, der det blir panelsamtale og Hulda-broderi 16. oktober! Velkomen!

Saturday, September 6, 2025

Moltur


"Det skal vera bra med moltur mange stader i år," noterer Hulda i Heimen-spalta avisa For bygd og by. For Hulda var ikkje sylting berre ein haustleg aktivitet, men ein del av eit større prosjekt: å ta vare på, å halda fast ved noko som snart kunne gå tapt. "Av alle dei maatar me hev prøvt aa gøyme desse gode bæri paa tykkjer me denne er best," skriv ho vidare, før ho trinn for trinn gir ei nøyaktig oppskrift på korleis ein skal berge bæra: Legg dei friske bæri utan sukker paa gullreine ‘Norigsglas’. Pakk glasi i høy eller avis og set dei i kaldt vatn i gryta. Kok dei ein halv time. Skruv loki vel til og set dei paa hovudet til dagen etter. Dette viser korleis kjøkenet på Labråten har vore på denne årstida: lukta av våte aviser, dampen frå gryta, klirring av glas som vart skrudde til og sett på hovudet i spent forventning.

Så kjem åtvaringa, så levande at ein kjenner suget i magen: "Er dei daa ikkje tette, vert det vaate ringar under dei paa golvet, og daa bør ein bruke dei straks. Dette maa ein agte vel paa; for gummiringane hev ofte vore lite gode dei seinste aari." Hulda veit kva det betyr når sylteglaset sviktar. Ho har sett dei mørke ringane, kjent lukta av bær som har gått gale, og opplevd korleis heile sommarens strev kan gå tapt. Likevel finst det ein kraft i måten ho skriv på: ei blanding av presisjon og poesi, eit språk som gir kvinnene som les ei kjensle av både autoritet og fellesskap.

For i 1919 var det å hermetisere frukt ein del av ein større livsstrategi. Å ta vare på det naturen gav, å stå imot knappheit og dyrtid, å skape tryggleik i eigen heim. Hulda løftar det praktiske opp i noko større: ein livskunst. Ho viser korleis det huslege kan vere både politisk og poetisk. Bak oppskrifta ligg ei erkjenning av råderett – retten til å skape verdi av det ein har for handa. Mellom linjene skriv Hulda om motstandskraft, om fridom i det små. Sylteglaset blir eit symbol på ein større kamp: å gje heim og kvardag meining, og å gje kvinner ein plass som meir enn berre forvaltarar – men som aktive skapande krefter i samfunnet.

Friday, September 5, 2025

Når eit måleri syng


"Det er ikkje dette rummet; det er dikt," seier Hulda, ståande framfor eitt av måleria til venen Harriet Backer. Og svaret kjem straks, som eit letta sukk frå kunstnaren sjølv: "Aa, gudskjelov at du seier det. For det er det eg håper." Hulda fangar noko grunnleggjande i Harriets målingar: dei er ikkje berre rom – dei er rom stemt som musikk. Og Harriet, i si glade erkjenning, byrjar straks å forklare det umoglege i oppgåva ho har sett seg: "Det er mig ikkje om å gjera at det blir netop dette rummet, men allikevel må alle ting være på plass. Det er så rasende vanskelig. Ja, eigentleg er det umulig altså." Så peikar ho på detaljane som må stemme: "Især stolbenene og de forferdelige bordbenene. Også foldene i gardinene, som er striper, men ikke må være striper, lyset i flatene mellom foldene – ja alt må synge."
"Il faut que cela chant, Mademoiselle!" hadde læraren i Paris sagt. Og Harriet har bore dette med seg heile livet – at måleriet må synge. Det er ikkje teknikk eller imitasjon som tel, men den stille musikken i lyset, i linjene, i rytmen mellom ting. Som no, når Harriet spør varleg: "Nu sier du dette er et dikt, altså synger det litt, ikke sandt?"
 Og Hulda, som i mange år har kjempa med sine eigne uttrykk – på scena, i ord, i skrift – kjenner noko att. Ho skriv: "Eg veit ikkje kva det er, men alt Harriet målar vert so ætherisk, lufti er liksom levande og sveiper seg som ein draum um alle ting, so endå ein pinnestol og ein fælt bruk kommode vert umskapt til fagre syner – ei djup, rik og vedunderleg personleg kunst." Det er som om rommet Harriet målar ikkje berre fangar lys og møblar – men sjel. Hulda skriv vidare: "Eg tykkjer at Harriet alltid målar si eigi sjæl." Det er ei djup forståing mellom dei to skapande venene, som veit kva det krevst å få det indre til å finne form. Det handlar ikkje om å imitere røynda, men om å gi ho stemme.
Gamlestua på Kolbotn, Hulda og Arne Garborgs heim, 1896 av Harriet Backer Nasjonalmuseet
Nasjonalt Garborgsenter
Asker Museum



Tuesday, September 2, 2025

Laxerøde geranier

 3. september 1906 – Laxerøde geranier

I boka "Hulda og heimen" skildrar arkitekt og forfattar Berit Andersen – som arbeidde med restaureringa av Labråten i samarbeid med Asker Museum og Riksantikvaren – korleis Hulda aktivt forma heimen sin i tråd med det ho såg på som eit norsk ideal. Ho ville ikkje følgje den importerte sveitserstilen, som på denne tida hadde breidd seg over bygdene, men søkte seg i staden mot røter i norsk byggjeskikk og folklege tradisjonar. Hulda var, som Andersen skriv, "ikke spesielt glad for sveitserdekoren." Ho ønskte eit norskare hus, eit som spegla hennar eige prosjekt: å løfte fram det heimlege og eigenarta i ein tid prega av importerte motar og utanlandsk pryd.

Allereie kort tid etter innflyttinga på Labråten vart verandaen mot tunet reinska for sveitserdekor. Og i 1906 tok dei eit endå tydelegare steg: dei høge, dominerande sveitservindauga i stova vart bytte ut med låge, småruta vindauge – slik ein fann dei i gamle norske stover. Hulda sjølv let seg begeistre over den nye stemninga i rommet. I dagboka si noterte ho med sans for både fargar og former: "De nye Vinduer i min Stue er vakre, smaa, firkantede Ruder, gule Karmer og hvid, lette Kappegardiner samt Laxerøde og hvid Geranier og Pelargonier og en stor Hortensia." Med dette skapte ho eit interiør som både var lyst og levande. Det gule treverket, dei kvite gardinene og blomane i vindauget sette tona: eit rom for kvile, men òg for arbeid, for tanke og for draum.

Labråten vart ikkje eit hus for representasjon, men for rørsle, kamp og skapande arbeid. Heimen bar preg av den nasjonsbyggande visjonen som Hulda bar fram i teater, i skrift og i organisasjonsliv. Ho såg korleis rom kunne forme menneske, og korleis vindauge, gardiner og blomar ikkje berre var pynt, men del av eit større bilete: draumen om eit sjølvstendig og kulturelt forankra Noreg.

Høyr mer om Hulda og hennar nasjonsbyggjande, fargerike stil på Kunstsilo Create: Broderi onsdag 24. september med Kathrine Gregersen og Birgitte Kleivset.
 
Se mindre

Eit år med Hulda Garborg – førstemann får signert utgåve!

Eit år med Hulda Garborg  – førstemann får signert utgåve! 29. november kjem boka  Eit år med Hulda Garborg  (299,-) i bokhandel. Dette er e...