3. september 1906 – Laxerøde geranier
I boka "Hulda og heimen" skildrar arkitekt og forfattar Berit Andersen – som arbeidde med restaureringa av Labråten i samarbeid med Asker Museum og Riksantikvaren – korleis Hulda aktivt forma heimen sin i tråd med det ho såg på som eit norsk ideal. Ho ville ikkje følgje den importerte sveitserstilen, som på denne tida hadde breidd seg over bygdene, men søkte seg i staden mot røter i norsk byggjeskikk og folklege tradisjonar. Hulda var, som Andersen skriv, "ikke spesielt glad for sveitserdekoren." Ho ønskte eit norskare hus, eit som spegla hennar eige prosjekt: å løfte fram det heimlege og eigenarta i ein tid prega av importerte motar og utanlandsk pryd.
Allereie kort tid etter innflyttinga på Labråten vart verandaen mot tunet reinska for sveitserdekor. Og i 1906 tok dei eit endå tydelegare steg: dei høge, dominerande sveitservindauga i stova vart bytte ut med låge, småruta vindauge – slik ein fann dei i gamle norske stover. Hulda sjølv let seg begeistre over den nye stemninga i rommet. I dagboka si noterte ho med sans for både fargar og former: "De nye Vinduer i min Stue er vakre, smaa, firkantede Ruder, gule Karmer og hvid, lette Kappegardiner samt Laxerøde og hvid Geranier og Pelargonier og en stor Hortensia." Med dette skapte ho eit interiør som både var lyst og levande. Det gule treverket, dei kvite gardinene og blomane i vindauget sette tona: eit rom for kvile, men òg for arbeid, for tanke og for draum.Labråten vart ikkje eit hus for representasjon, men for rørsle, kamp og skapande arbeid. Heimen bar preg av den nasjonsbyggande visjonen som Hulda bar fram i teater, i skrift og i organisasjonsliv. Ho såg korleis rom kunne forme menneske, og korleis vindauge, gardiner og blomar ikkje berre var pynt, men del av eit større bilete: draumen om eit sjølvstendig og kulturelt forankra Noreg.
Høyr mer om Hulda og hennar nasjonsbyggjande, fargerike stil på Kunstsilo Create: Broderi onsdag 24. september med Kathrine Gregersen og Birgitte Kleivset.
Se mindre
No comments:
Post a Comment