Heim

Friday, June 13, 2025

På tide å lese Huldas romanar frå perm til perm

Før eg las Amalie Skram sitt forfattarskap frå perm til perm, var eg godt i gang med prosjektet og boka Eit år med Amalie Skram. Etter kvart som eg blei kjend med Amalie gjennom brev, dagbøker og notat, gav det ny meining å ta fatt på romanane hennar. Eg må innrømme at eg lenge hadde halde litt avstand. På vidaregåande analyserte vi Karens jul – og det hjarteskjerande motivet i novella brann seg fast. Den rå, kompromisslause stilen hennar skremde meg litt.

Eg er jo utdanna litteraturvitar, og las Hellemyrsfolket då eg studerte ved Universitetet i Bergen. Men då eg fullførte cand.philol.-graden på Sørlandet, kan eg ikkje minnast at vi las særleg mange kvinnelege forfattarar. Der stod Profil-forfattarane i sentrum: Solstad, Vold og Obrestad – og generasjonen før med Vesaas, Hoel og Garborg. Då eg seinare blei tilsett ved Universitetet i Agder for å byggje opp samlinga for nordisk språk og litteratur til det nye doktorgradsprogrammet i Nordisk språk og litteratur, var det endeleg kvinnelege professorar på plass – og dei råda meg til å kjøpe inn alt av Amalie Skram, Hulda Garborg og Camilla Collett.



Dette året skriv eg om Hulda Garborg, og no står romanane hennar for tur. Det eg lurar på er om romanane bør lesast kronologisk i samanheng, og om det fins tilretteleggjing for oss som treng det? Problemet? Desse bøkene finst verken som lydbøker eller moderne ebøker i offentleg, eller norske forlag sin regi. Her burde Samlaget, Nynorsksenteret og andre aktørar samarbeide om eit løft!

Men medan vi ventar på at Hulda blir løfta opp på lik linje med andre store i norsk litteratur, finst det kanskje nokre omvegar:

📘 Et frit forhold (1892) er no faktisk tilgjengeleg som Kindle-ebok for ein billeg penge! Du finn ho her:👉 Et frit forhold på Amazon Kindle saman med📘 Kvinden skabt af Manden (1904) og📘 Fru Evas Dagbog (1905) Men dessverre ser det ikkje ut til at desse e-bøkene har "Enhanced Typesetting: Enabled under spesifikasjonane. Og då kan dei ikkje lesas høgt med KI.

For å (eventuelt) høyre lydbøker frå Nasjonalbiblioteket på iPhone/mobil, må du først logge inn på Bokhylla.no, som er Nasjonalbiblioteket si digitale portal. Du loggar inn med Feide-ID eller ID-porten. Deretter kan du søkje etter og laste ned bøker, og opne dei i ei app som støttar EPUB-format, som til dømes iBooks (no kalla Books). Dette har eg ikkje gjort ennå, og eg fryktar dette ikkje går, men eg skal freiste:

  1. Få tilgang til Bokhylla:
    Gå til Nasjonalbiblioteket si nettside og logg inn med Feide-ID eller ID-porten.

  2. Søk etter bøker:
    Bruk søkjefunksjonen på Bokhylla for å finne boka du ønskjer å høyre.

  3. Last ned boka:
    Dersom boka er tilgjengeleg for nedlasting, vil du få valet om å laste ho ned som EPUB eller PDF.

  4. Opne i passande app:
    Når boka er lasta ned, kan du opne ho i ei app som støttar EPUB-formatet – til dømes iBooks på iPhone.

  5. Lytt til boka:
    I appen kan du bla i boka, og eventuelt aktivere opplesingsfunksjonen, dersom det er støtta for den aktuelle boka. Denne løysinga for desse tre romanane ikkje det same som å høyre ei skodespelarstemme tolke Hulda – men det er betre enn ingenting.

Merk:

Ikkje alle bøker på Bokhylla er tilgjengelege for nedlasting og opplesing. Nokre kan berre lesast direkte i nettlesaren, medan andre kan lastast ned som PDF. For å sjekke om ei bok kan lastast ned og lyttast til, må du vere innlogga på Bokhylla.no og sjå kva som står om tilgjenge for den enkelte boka. Fortsetjing følgjar,,,

No comments:

Post a Comment

Eit år med Hulda Garborg – førstemann får signert utgåve!

Eit år med Hulda Garborg  – førstemann får signert utgåve! 29. november kjem boka  Eit år med Hulda Garborg  (299,-) i bokhandel. Dette er e...