Hulda skriv også praktisk: korleis ein syr ryfter i stakken, kor brei ein bord skal vera (helst 5–8 cm eller meir), og korleis rosesaum og plantefarga garn gjev både prakt og slitestyrke. Ho åtvarar mot å bruke ullgarn på kvitt tøy – det vert gult og graatt av vask. Bruk silke, skriv ho, og bruk mønstra som fylgjer med i bladet. Gjennom denne teksten viser Hulda sitt skarpe blikk for både handverk, estetikk og funksjon. Ho er ikkje berre forfattar og målreisar, men formgivar og folkekunstnar, og ser kvinnekroppen, rørsla og dansen som ein del av nasjonsbygginga. Bunaden er ikkje ein museumsgjenstand. Drakta er levande – og ho skal kunne nyttast med glede. «Finare og høvelegare klæde kann ikkje kvende bera,» skriv Hulda om Golsbunaden.
Sunday, June 1, 2025
Bunad, utvikling og god smak
Redaktør Hulda skriv i Heimen i For bygd og by 28. september 1913 om noko ho brenn for: norske bunader, og i dag lyfter ho fram Golsbunaden, ei drakt som etter hennar meining er blitt «likso kjend og kjær kring i landet som Hardangerbunaden». Men Hulda er ikkje nostalgikar. Ho held fast på at folkedrakter må kunne endrast – utan å miste sjela si. Gamle former skal ikkje vere evige og urørlege. «Ingenting kann vera ubrigde til æveleg tid; der skal vera utvikling i alt,» skriv ho. Det handlar ikkje om å følgje snøgg mote, men om å gjere bunaden tidhøveleg og høveleg for kroppen, rørsla og kvardagen. Ho vil ha lettheit, ikkje tunge stakkar som veg «mange bismepund» og heng i 12 alnar nedetter. Den moderne bunaden skal vera fotfri, varm, ven, og god å dansa i.
Subscribe to:
Post Comments (Atom)
Eit år med Hulda Garborg – førstemann får signert utgåve!
Eit år med Hulda Garborg – førstemann får signert utgåve! 29. november kjem boka Eit år med Hulda Garborg (299,-) i bokhandel. Dette er e...
-
Eit år med Hulda Garborg – førstemann får signert utgåve! 29. november kjem boka Eit år med Hulda Garborg (299,-) i bokhandel. Dette er e...
-
Kathrine og Birgitte har snakka om Hulda Garborg på NRK Sørlandet 27. august (kl 15.40-55) Det er alltid inspirerande å løfte fram Huldas mo...
-
Hulda Garborg vert ofte kalla «alle bunaders mor». Men for Hulda var bunaden langt meir enn ei drakt – ho såg han som ei rørsle, ei kulturel...

No comments:
Post a Comment