Sunday, July 6, 2025
Rotnorsk og verdsopen, Huldas visjon
Hulda var djupt forankra i det norske – i språk, kultur, handverk, mattradisjonar og folkedans – men ho var samstundes ein visjonær internasjonalist. Ho såg ikkje noko motsetningsforhold mellom det å vera rotfesta i eigen nasjonal identitet og å delta i eit større fellesskap. Tvert imot meinte ho at den som vil bidra i verda, må først kjenne og stå stødig i si eiga jord. I følgje biograf Tor Obrestad polemiserer Hulda kraftig mot det ho ser som ein unnvikande og distansert haldning til nasjonal identitet blant «moderne menneske». Ho kritiserer dei som vrir seg når dei får spørsmål om dei er «nasjonalsinna», og skriv med beisk ironi: «Norskhet, norskdom, det smaker av maalstræv og rau rosemaling. Færøyer og kaffistove, alt dette evindelige snakket som man forlengst har lest sig lei paa. Begrepet er nærmest plumpt, paatrengende og overflødig.» (1992:252)
Men for Hulda er det norske ikkje noko stivna, romantisert eller klamt. Tvert imot er det ein levande kraft, ei rørsle, ein vilje til kulturelt sjølvstende og eigenart – noko som nettopp gjer det mogleg å møta andre med respekt og styrke. Ho er rotnorsk – og global. Dette kjem klårt til uttrykk i hennar artikkel i Den 17de Mai frå denne datoen i 1916, der ho stiller seg positiv til ideen om Dei europeiske Sambandsstatane, ei slags føregangstenking om europeisk samarbeid. Men ho understrekar at eit slikt samarbeid berre kan byggjast på ekte folkevilje: «Men eit samband som skal halda, maa vera bygd paa folkeviljen,» skriv ho, og held fram: «Men aldri kan me faa eit europeisk samband fyrr me vert so vaksne at me kan unna kvarandre nationalt sjølvstende.»
For Hulda er det ikkje eit anten–eller. Det nasjonale og det internasjonale høyrer saman. Ho peikar på Henrik Wergeland som eit førebilete, nettopp fordi han kombinerte sterk nasjonal medvit med eit blikk mot Europa og verda. Han var, som ho skriv, «vor første virkelege formidlar av det nye Europas nye tanker og ideer».
Og i eit sitat som framleis kling som ei programerklæring for ansvarleg nasjonsbygging og internasjonalt samarbeid, skriv ho: «Nu mer end nogensinde gjælder det derfor aa gjøre Norge sterkt i sit eget, saa det kan bli et selvstændig ydende, godt og nyttig ledd i den nationernes kjede som maa sluttes, fordi der ikke er fredshaab i noget andet. Hvor sterkt og godt et ledd vi blir vil først og fremst afhænge av hvor sterke vi er i vor nationale følelse; et rotløst folk af efterhempere er et svakt folk og vil bli et svakt ledd i kjæden.» (1992:252)
Subscribe to:
Post Comments (Atom)
Eit år med Hulda Garborg – førstemann får signert utgåve!
Eit år med Hulda Garborg – førstemann får signert utgåve! 29. november kjem boka Eit år med Hulda Garborg (299,-) i bokhandel. Dette er e...
-
Eit år med Hulda Garborg – førstemann får signert utgåve! 29. november kjem boka Eit år med Hulda Garborg (299,-) i bokhandel. Dette er e...
-
Kathrine og Birgitte har snakka om Hulda Garborg på NRK Sørlandet 27. august (kl 15.40-55) Det er alltid inspirerande å løfte fram Huldas mo...
-
Hulda Garborg vert ofte kalla «alle bunaders mor». Men for Hulda var bunaden langt meir enn ei drakt – ho såg han som ei rørsle, ei kulturel...
No comments:
Post a Comment