Heim

Sunday, July 6, 2025

Hulda i eit Europa som svelt

«Denne vika ikkje kjøtl», står det på oppslaget som Hulda kjem over i Berlin i 1919, sidan skal ho skildra dette i Heimen, som ho redigerar i For bygd og by. I eit Berlin prega av svolt, rasjonering og krigsruin, ser Hulda Garborg kva krigen har gjort med Europa. Kjøt finst ikkje, og «svore var so dyrt, at det ikkje var til aa bruke for vanlege hushald (...) «Berre aa sjåa paa alle desse bleike, tunge baani, som gjeng svoltne eller halvmætte ut um morgonen, kjem skrubsvoltne heim frå skulen eller arbeid og legg seg svoltne eller halvmætte um kvelden!»

På Berlin stasjon møter Hulda ei tynn, arbeidstrøytt mor med dottera si, Frida, som skal til Aalesund – til dei norske fosterforeldra som har teke imot henne med mjølk, smør og varme. Mora seier: «So mykje kjærleik finst ikkje i Tyskland.» Ho seier òg det som mange ikkje tør: at i Tyskland no «kan ikkje baani faa mat so dei vert mette nokon gong, kor mykje ein strævar.» Og Hulda skriv at det ikkje berre er eitt land som svelt – men at «i mest alle land svelt baani», endå i Noreg. Heile verda er komen på skeivkurs. Ho er ute etter handling. «Kva tid skal me slutte med aa øyde jordi so ein snart ikkje for nokon pris kann faa helsug mat korkje at baan hell vaksne?»


For Hulda er mjølk og brød ikkje mindre verd enn politikk og krigsplanar. Tvert imot. Maten er ein menneskerett, og borna det moralske termometeret på kvar ein nasjon. Ho spør: «Kva vinning hev dei sig­rande havt av krigen?» Og: «Kvifor ikkje endeleg ein gong støype kanonane um til plogar – det einaste som kann berge den matlause verdi?» Hulda har sett lidinga med eigne auge, bak dei sterke orda ligg ei enno sterkare innsikt: At verda må bli mjukare. At born må få ete. At dei som skriv, må bruke pennen som plog.




No comments:

Post a Comment

Eit år med Hulda Garborg – førstemann får signert utgåve!

Eit år med Hulda Garborg  – førstemann får signert utgåve! 29. november kjem boka  Eit år med Hulda Garborg  (299,-) i bokhandel. Dette er e...