Thursday, August 14, 2025
Huldaknapp på Kunstsilo Ung
🪡✨ Broder din eigen #HuldaKnapp på Kunstsilo Ung!Fredag 22. august kan du bli med på ein kreativ kveld inspirert av forfattar og kulturkraft Hulda Garborg – dama som løfta fram bunadstradisjonar og norsk folkekultur.
Vi broderer Hulda-knapp, utvikla av kunstnarar Kathrine Gregersen og Birgitte Kleivset ei brosje i tekstil du får med heim 🧵💛
📍 Kunstsilo Ung, Multisalen
⏰ Fredag, 22/8 16–21
👥 For deg mellom 13–18 år
💰 Gratis – men hugs å melde deg på!
👉 Sjå alle aktivitetar og meld deg på på kunstsilo.no
Prosjekt og workshop er støtta av Cultiva Express
Wednesday, August 13, 2025
Tuesday, August 12, 2025
Hulda-knappen ✨🪡
Hulda Garborg henta fram lokale drakttradisjonar, vidareutvikla dei, og gav dei sitt eige preg. Med sitt bunadshefte bok Norsk Klædebunad i 1903 gjorde ho blant anna Gol-bunaden kjend og ettertrakta, og ho utvikla si Hulda-drakt ut frå denne. Bunaden er ein kombinasjon av rekonstruerte element frå gamle draktskikkar og Hulda sine eigne idear.
No kan du brodere eit lite stykke av denne historia sjølv: Hulda-knappen. 🧵Knappen er inspirert av Hulda sitt eige arbeid, og kjem som eit komplett lite sett du kan sy saman. Resultatet kan brukast som brosje, pynt eller ein liten minnebit av bunadskulturen. Med nål, tråd og nokre enkle sting blir du ein del av den lange rekkja av hender som har forma og vidareført bunadstradisjonane i over hundre år – akkurat slik Hulda ønska. 💛
Vi held workshops på Kristinansand Folkebibliotek Ung/Verkstedet/Kunsthallen 27. august, på Kunstsilo Ung 22. august og for vaksne på Kunstsilo (dato kjem.)
Tuesday, August 5, 2025
Hulda Garborg – 10 spørsmål
1️⃣ Kva for spor sette Hulda Garborg i norsk litteratur – og kan ho kallast ein stor forfattar?
2️⃣ Kvifor valde Hulda å skrive nokre bøker og skodespel anonymt?
3️⃣ På kva måtar var Hulda feminist – og korleis kjempa ho for kvinners plass i samfunnet?
4️⃣ Var Hulda kontroversiell i si samtid – og kva gjorde at ho skapte debatt?
5️⃣ Korleis vart Hulda ein forkjempar for bunad – og kan vi kalle henne «bunadens mor»?
6️⃣ Var bunaden for Hulda berre festdrakt – eller også politikk og kulturkamp?
7️⃣ Kva er norsk kultur for deg – og kva rolle spelte Hulda i å forme denne ideen?
8️⃣ Kva slags teater og folkedansmiljø bygde Hulda opp – og kvifor vart det så viktig for henne?
9️⃣ Korleis balanserte Hulda kunstnarlivet, ekteskapet med Arne Garborg og sine eigne ambisjonar?
🔟 Kva kan vi i dag lære av Hulda Garborg – både som kunstnar, strateg og menneske?
Sunday, July 6, 2025
Hulda i eit Europa som svelt
«Denne vika ikkje kjøtl», står det på oppslaget som Hulda kjem over i Berlin i 1919, sidan skal ho skildra dette i Heimen, som ho redigerar i For bygd og by. I eit Berlin prega av svolt, rasjonering og krigsruin, ser Hulda Garborg kva krigen har gjort med Europa. Kjøt finst ikkje, og «svore var so dyrt, at det ikkje var til aa bruke for vanlege hushald (...) «Berre aa sjåa paa alle desse bleike, tunge baani, som gjeng svoltne eller halvmætte ut um morgonen, kjem skrubsvoltne heim frå skulen eller arbeid og legg seg svoltne eller halvmætte um kvelden!»
For Hulda er mjølk og brød ikkje mindre verd enn politikk og krigsplanar. Tvert imot. Maten er ein menneskerett, og borna det moralske termometeret på kvar ein nasjon. Ho spør: «Kva vinning hev dei sigrande havt av krigen?» Og: «Kvifor ikkje endeleg ein gong støype kanonane um til plogar – det einaste som kann berge den matlause verdi?» Hulda har sett lidinga med eigne auge, bak dei sterke orda ligg ei enno sterkare innsikt: At verda må bli mjukare. At born må få ete. At dei som skriv, må bruke pennen som plog.
Rotnorsk og verdsopen, Huldas visjon
Hulda var djupt forankra i det norske – i språk, kultur, handverk, mattradisjonar og folkedans – men ho var samstundes ein visjonær internasjonalist. Ho såg ikkje noko motsetningsforhold mellom det å vera rotfesta i eigen nasjonal identitet og å delta i eit større fellesskap. Tvert imot meinte ho at den som vil bidra i verda, må først kjenne og stå stødig i si eiga jord. I følgje biograf Tor Obrestad polemiserer Hulda kraftig mot det ho ser som ein unnvikande og distansert haldning til nasjonal identitet blant «moderne menneske». Ho kritiserer dei som vrir seg når dei får spørsmål om dei er «nasjonalsinna», og skriv med beisk ironi: «Norskhet, norskdom, det smaker av maalstræv og rau rosemaling. Færøyer og kaffistove, alt dette evindelige snakket som man forlengst har lest sig lei paa. Begrepet er nærmest plumpt, paatrengende og overflødig.» (1992:252)
Men for Hulda er det norske ikkje noko stivna, romantisert eller klamt. Tvert imot er det ein levande kraft, ei rørsle, ein vilje til kulturelt sjølvstende og eigenart – noko som nettopp gjer det mogleg å møta andre med respekt og styrke. Ho er rotnorsk – og global. Dette kjem klårt til uttrykk i hennar artikkel i Den 17de Mai frå denne datoen i 1916, der ho stiller seg positiv til ideen om Dei europeiske Sambandsstatane, ei slags føregangstenking om europeisk samarbeid. Men ho understrekar at eit slikt samarbeid berre kan byggjast på ekte folkevilje: «Men eit samband som skal halda, maa vera bygd paa folkeviljen,» skriv ho, og held fram: «Men aldri kan me faa eit europeisk samband fyrr me vert so vaksne at me kan unna kvarandre nationalt sjølvstende.»
For Hulda er det ikkje eit anten–eller. Det nasjonale og det internasjonale høyrer saman. Ho peikar på Henrik Wergeland som eit førebilete, nettopp fordi han kombinerte sterk nasjonal medvit med eit blikk mot Europa og verda. Han var, som ho skriv, «vor første virkelege formidlar av det nye Europas nye tanker og ideer».
Og i eit sitat som framleis kling som ei programerklæring for ansvarleg nasjonsbygging og internasjonalt samarbeid, skriv ho: «Nu mer end nogensinde gjælder det derfor aa gjøre Norge sterkt i sit eget, saa det kan bli et selvstændig ydende, godt og nyttig ledd i den nationernes kjede som maa sluttes, fordi der ikke er fredshaab i noget andet. Hvor sterkt og godt et ledd vi blir vil først og fremst afhænge av hvor sterke vi er i vor nationale følelse; et rotløst folk af efterhempere er et svakt folk og vil bli et svakt ledd i kjæden.» (1992:252)
Tuesday, July 1, 2025
Hulda Garborg #CultivaExpress #Kunstsilo
1. Biografisk riss
Hulda Bergesen blir fødd i 1862 i Stange i Hedmark, inn i eit liv prega av tap, rørsle og arbeid. Då faren går fallitt og mistar sakførerembedet sitt, kastar han ut kona si Marie og vesle Hulda, og tek med seg dei to eldre systrene hennar og forsvinn. Hulda veks opp med ei bitter og hardt arbeidande mor, som livnærer seg som sydame. Allereie som tenåring må Hulda ut i arbeid, og står i sju år bak disken i ein butikk – der dei mellom anna sel det forbodne norske flagget.
Ho vankar i arbeidarsamfunnet i Kristiania, og det er her ho møter Arne Garborg – og vert gravid. Det som kunne vore ein skandale, blir starten på eit nytt liv. Intellektuelt. Eksistensielt. Saman blir dei eit radarpar i det som snart blir ei kulturell oppvakning: målreisingsrørsla, folkeopplysninga, det frilynte teateret, kvinnekampen og bunadens renessanse.
Ho skriv romanar, skodespel, kokebøker, foredrag – og ikkje minst dagbok. Ho føder og mistar. Ho sørgjer og bygg. Ho reiser – mykje. Både i Noreg og i verda. Ho møter urfolk og eksilnorske i Amerika, held foredrag på folkehøgskular i Trøndelag, og tek helsebringande bad i Riva ved Gardasjøen. Ho held fast på røtene – men strekkjer seg alltid utover. Som rosene ho broderar: vakre, sterke, og med ei kjerne av vilje.
Men ho er ikkje åleine i dette. Til venen Signe skriv ho at «sånn har eg hatt det mange gonger – ikkje berre i småbyar som Arendal, men i dei største byane òg.» Ho skildrar det med noko som liknar eksistensiell trettleik: «Eg kom heim frå selskap og var gjennomtrengd av ei ubeskriveleg sørgmod.» Ho leitar. Etter det løynde lyset. Etter noko som gir meining – ikkje berre fasade. Ho skriv: «Eg søkte mellom alle dei utmerka menneska eg møtte, etter noko eg eingong måtte få sjå – etter det ubestemte og opphøgde, som ein strekkjer seg etter heile ungdommen, liksom ein plante bak tjukke murar strekkjer seg etter sola gjennom kvar lita revne...» Det finst òg ein kampvilje i Hulda – ein vilje til å finne det ekte. Å skrive det ned. Å vere ærlig, sjølv om det gjer vondt.
Bok: Hjå ho mor
2. Huldas kamp og det tredje skiftet
Hvordan leve et liv i balanse? Aktuell utfordring, spesielt for kvinner? Biograf Arnhild Skre har skapt debatt ved å kalle Hulda både ein «nasjonal strateg» og – tja – ein slags norsk «tradwife». Og kanskje har ho eit poeng? Hulda syr bunader, lagar mat frå botnen og skriv om det enkle livet på Labråten i Asker. Ho gjer forretning av å vera heimeverande – men på sine eigne premissar. Samtidig med dette er Hulda kulturentreprenør, samfunnsdebattant, feminist med særpreg, politisk aktør og første teatersjef for Det Norske Teatret. Ho grunnlegg Det norske spellaget og turnerer heile landet – og ho har sterke meiningar om språk, kunst, politikk og samfunnsliv.
Stereotypar, å vere begge delar: Hulda viser oss at ein kan vere begge delar: ein direktør med forklekjole, ein strateg med broderinål, ein skodespelar i kvardagsbunad. Hulda vil ikkje avgrensa kvinnas fridom, men ho – som mange "tradwives" i dag – insisterer på at kjærleik og morskap høyrer saman. Ikkje berre biologisk, men kjenslemessig. Det er fellesskapen, ikkje berre barnet, som gjev livet meining. Ho avviser tanken på å velja bort ein elska for å få betre arbeidsvilkår, slik både Camilla Collett og Amalie Skram måtte gjera for å bli forfattarar: «For å studere mathematik eller skrive bøger eller male billeder og spille piano. Aldrig i evighed!» Ho anerkjenner at ei kvinne kan ta eigne val: «Plads for hende og hendes barn! Og respekt for hendes vilje! Selvfølgelig.» Og likevel: «det krænker og støder min blufærdighed og min dybeste kvindelighed.» Det blir for mykje. For oss som les i dag, synleggjer dette kor djupt kjensleliv og samfunnsnormer er vovne saman. Hulda prøver å forstå – men orkar det ikkje heilt.
Hulda bar det som i dag gjerne blir kalla det tredje skiftet – oversikten, det mentale og praktiske ansvaret for å syte for dei usynlege behova som følgjer med eit felles liv. Hulda var meir enn ein stor forfattar og samfunnsbyggjar i eigen rett — ho var óg livlina til Arne, ein kløktig forhandlar, ein lojal ven, ein som bar framtida hans i hendene sine — med styrke.
Bok: Husstell
3. «Lidt mere rynket og en smule fyldigere» – livsfilosofi og vennskap
Hulda sin livsfilosofi er ærleg, poetisk og full av mot. I dagbøkene skriv ho med eit skarpt og sårt blikk om kropp og kvardag, arbeid og kvile, sårbarheit og styrke. Ho heiser opp stakken – bokstaveleg og billedleg – og går vidare, sjølv når det stormar. I eit brev til veninna Marie Hauptmann i 1912, viser Hulda seg frå si mest nakne side: «Eg er så mykje veikare, mindre, fattigare enn du trur. Det var da ein gong – du hugsar – då eg tala sterkt. Eg orkar ikkje no. Eg ligg helst med ansiktet ned og stirer i mold. Og eg er glad for å få sleppe å vera meg.»
Men ho skriv likevel. Ho deler det som er vanskeleg. Ho ber venskapet med seg som eit kvilepunkt. Og ho reiser seg att. For slik er ho: ein som drikk fransk champagne og skriv om korleis du kan lage norsk av bjørkesaft, italienske fjell og jærske kyststiar, mørke dagar og glitrande augeblikk. Ho står opp att. Ho skriv vidare. Og slik gir ho oss ein arv – ikkje berre av idear og bunadsmønster – men av levd liv. Eit liv som er både vakkert og vanskeleg, stramt og fritt, og som minner oss om at det ikkje alltid er anten–eller. Nokre gonger er det berre å vera.
Mens dansen gaar (1920)
I huldreskog (1922)
Naar heggen blomstrer (1923)
Grågubben (1925
-
Eit år med Hulda Garborg – førstemann får signert utgåve! 29. november kjem boka Eit år med Hulda Garborg (299,-) i bokhandel. Dette er e...
-
Eit år med Hulda Garborg 2024-25 er eit digitalt og litterært kunstprosjekt som løftar fram arven etter forfattar, dramatikar og kulturfork...
-
Bli med på Broderi og boblar på Asker Museum . Etterpå blir det panelsamtale om Hulda og verda med leiar Inger Undheim i Nasjonalt Garborgse...


