Heim

Sunday, June 29, 2025

Broder det sjøl

Hulda visste at det låg ei form for stille trass i eit broderi og eit syskrin. Der andre såg bandrestar, tustar av stoff og gamle snører, såg ho ressursar – og ei djup visdom. For i dei små tekstilbitane låg ikkje berre minne om kjolar og gardiner som eingong hadde hengt, men òg praktisk klokskap og evna til å skapa noko sjølv. Hulda oppmoda lesarane sine med varme og humor i For bygd og by: «So trøytte som baade karar og kvinnfolk er no for tidi, treng ein putor i alle krær, so me kann halla oss nedpaa og kvila naar me hev ei stund.» Kvileputene kunne lagast av stoffrestar, gjerne pynta med band, broderi eller ein frynsekant – ein kvardagsprakt med estetisk snert. Det galdt å bruka det ein hadde, og gjerne gjera det vakkert på same tid.

Men Hulda stoppa ikkje ved kvileputene. Ho såg òg ljoset – bokstaveleg talt. «Er ein litt hendig,» skreiv ho, «kann ein laga staaltraadgrindi til desse skjermane sjølv … so hev ein friske skjermar til hausten kjem.» Lampeskjermar av bandstubbar, blondekantar og perleduskar vart til både handverk og heimskunst. I ei tid då fabrikkvarer vart fleire, billigare og freistande, løfta Hulda fram det heimelaga – ikkje som ein trong plan B, men som ein kulturell motkraft. Heimelaga arbeid var ikkje noko mindreverd, men tvert imot eit uttrykk for sjølvstende, skjønnheit og skaparglede.

Medan kveldssola sakte seig bak låven, sat kvinnene på trappa eller ved vindauget med nål og tråd. Dei skapte skjermar for ljoset, puter for kvila, posar for sysaker, og kanskje eit litet stykke fellesskap på kjøpet. Rundt dei låg restane som ikkje lenger var restar, men ressursar: ein bit fløyel her, ein blondekant der, ein knapp som venta på ein ny plass. Alt medan ein ny haust venta – og eit nytt arbeid låg framfor dei, var handa og tanken i sving, roleg, målmedvete og trassig: Gjer det sjølv.

Huldas oppskrift kan lastas ned på Nasjonalbibliotekets nettsider





Opplegg #Ungdom #UllpåUll

🎯 Mål for workshopen

  • Reflektere rundt venskap, lojalitet og konflikt – då og nå
  • Bli kjent med Hulda Garborg og hennar vener
  • Bruke tekstil og språk kreativt: broderi + rose + eigne ord
  • Quiz, samarbeid og uttrykk


🧵 Del 1: Kreativ verkstad – Venskap i sting 

  • Oppdrag: Broder ei Hulda-rose, og/eller skriv/teikne ei venskapsmelding som pin (til deg sjølv, ein ven – eller Hulda/Amalie!) Bruk gjerne korte sitat frå Hulda/Amalie som utgangspunkt, eller eigne formuleringar som: «Du er nok.» «Vær røff, vær venn.» «Eg lyttar.» «Vi treng kvarandre.»
  • Verktøy og materiale: Ullstoff / restar frå bunadsproduksjon, Garn, nåler, broderirammer, Hulda sitatkort og forslag til ord, Reels-innspeling for TikTok/Instagram (valfritt)

🌟 Del 2: Samtale og miniquiz 

Kort presentasjon / forteljing om Hulda: Forfattar og samfunnsrøyst, Venskap: nære vener i periodar, men også ueinige og ulike, Hulda og vener skreiv til kvarandre og om kvarandre – med respekt og kjensler Eksempel: Amalie til Hulda: «Min kjære, kjære Hulda! Du er så sød og rolig altid, tar alt med en så fin og fornem overlegenhed.» – men også: «Skjønt vi to er forskjellig sindede.»



💬 Spørsmål:
  • Kva betyr ein god ven for deg?
  • Må ein vere like?
  • Har du nokon gong blitt så uenig med ein ven at det blei slutt?
  • Kva vil det seie å støtte kvarandre – også når ein er ueinig?

«Kven sa kva?» – Hulda eller Amalie?
  1. «Jeg har aldrig hatet noen – men mange kan jeg ikke tåle»
  2. «Et folk må kjenna sitt eige hjarta – og sitt eige språk.»
  3. «Kvinnen skal ikke være et kar som skal fylles – men en ild som skal tennes.»
  4. «Jeg blev slidt i stykker mellom børn, hus og tanker.»

➡️ Premie: pin eller jordbær 🍓🧷

✨ Avslutning 

Del nokre av broderia og tankar frå dagen
Spørsmål:
– Kva lærte vi av Hulda?
– Korleis opplever vi venskap i vår tid?
– Korleis kan vi vere vener i motstand, ikkje berre i medvind?
4: A 🍼 3: H 🔥 2: H 🌿 1: A 💥


Kathrine & Birgitte 
#Cultiva 

Friday, June 13, 2025

På tide å lese Huldas romanar frå perm til perm

Før eg las Amalie Skram sitt forfattarskap frå perm til perm, var eg godt i gang med prosjektet og boka Eit år med Amalie Skram. Etter kvart som eg blei kjend med Amalie gjennom brev, dagbøker og notat, gav det ny meining å ta fatt på romanane hennar. Eg må innrømme at eg lenge hadde halde litt avstand. På vidaregåande analyserte vi Karens jul – og det hjarteskjerande motivet i novella brann seg fast. Den rå, kompromisslause stilen hennar skremde meg litt.

Eg er jo utdanna litteraturvitar, og las Hellemyrsfolket då eg studerte ved Universitetet i Bergen. Men då eg fullførte cand.philol.-graden på Sørlandet, kan eg ikkje minnast at vi las særleg mange kvinnelege forfattarar. Der stod Profil-forfattarane i sentrum: Solstad, Vold og Obrestad – og generasjonen før med Vesaas, Hoel og Garborg. Då eg seinare blei tilsett ved Universitetet i Agder for å byggje opp samlinga for nordisk språk og litteratur til det nye doktorgradsprogrammet i Nordisk språk og litteratur, var det endeleg kvinnelege professorar på plass – og dei råda meg til å kjøpe inn alt av Amalie Skram, Hulda Garborg og Camilla Collett.



Dette året skriv eg om Hulda Garborg, og no står romanane hennar for tur. Det eg lurar på er om romanane bør lesast kronologisk i samanheng, og om det fins tilretteleggjing for oss som treng det? Problemet? Desse bøkene finst verken som lydbøker eller moderne ebøker i offentleg, eller norske forlag sin regi. Her burde Samlaget, Nynorsksenteret og andre aktørar samarbeide om eit løft!

Men medan vi ventar på at Hulda blir løfta opp på lik linje med andre store i norsk litteratur, finst det kanskje nokre omvegar:

📘 Et frit forhold (1892) er no faktisk tilgjengeleg som Kindle-ebok for ein billeg penge! Du finn ho her:👉 Et frit forhold på Amazon Kindle saman med📘 Kvinden skabt af Manden (1904) og📘 Fru Evas Dagbog (1905) Men dessverre ser det ikkje ut til at desse e-bøkene har "Enhanced Typesetting: Enabled under spesifikasjonane. Og då kan dei ikkje lesas høgt med KI.

For å (eventuelt) høyre lydbøker frå Nasjonalbiblioteket på iPhone/mobil, må du først logge inn på Bokhylla.no, som er Nasjonalbiblioteket si digitale portal. Du loggar inn med Feide-ID eller ID-porten. Deretter kan du søkje etter og laste ned bøker, og opne dei i ei app som støttar EPUB-format, som til dømes iBooks (no kalla Books). Dette har eg ikkje gjort ennå, og eg fryktar dette ikkje går, men eg skal freiste:

  1. Få tilgang til Bokhylla:
    Gå til Nasjonalbiblioteket si nettside og logg inn med Feide-ID eller ID-porten.

  2. Søk etter bøker:
    Bruk søkjefunksjonen på Bokhylla for å finne boka du ønskjer å høyre.

  3. Last ned boka:
    Dersom boka er tilgjengeleg for nedlasting, vil du få valet om å laste ho ned som EPUB eller PDF.

  4. Opne i passande app:
    Når boka er lasta ned, kan du opne ho i ei app som støttar EPUB-formatet – til dømes iBooks på iPhone.

  5. Lytt til boka:
    I appen kan du bla i boka, og eventuelt aktivere opplesingsfunksjonen, dersom det er støtta for den aktuelle boka. Denne løysinga for desse tre romanane ikkje det same som å høyre ei skodespelarstemme tolke Hulda – men det er betre enn ingenting.

Merk:

Ikkje alle bøker på Bokhylla er tilgjengelege for nedlasting og opplesing. Nokre kan berre lesast direkte i nettlesaren, medan andre kan lastast ned som PDF. For å sjekke om ei bok kan lastast ned og lyttast til, må du vere innlogga på Bokhylla.no og sjå kva som står om tilgjenge for den enkelte boka. Fortsetjing følgjar,,,

Sunday, June 1, 2025

Bunad, utvikling og god smak

Redaktør Hulda skriv i Heimen i For bygd og by 28. september 1913 om noko ho brenn for: norske bunader, og i dag lyfter ho fram Golsbunaden, ei drakt som etter hennar meining er blitt «likso kjend og kjær kring i landet som Hardangerbunaden». Men Hulda er ikkje nostalgikar. Ho held fast på at folkedrakter må kunne endrast – utan å miste sjela si. Gamle former skal ikkje vere evige og urørlege. «Ingenting kann vera ubrigde til æveleg tid; der skal vera utvikling i alt,» skriv ho. Det handlar ikkje om å følgje snøgg mote, men om å gjere bunaden tidhøveleg og høveleg for kroppen, rørsla og kvardagen. Ho vil ha lettheit, ikkje tunge stakkar som veg «mange bismepund» og heng i 12 alnar nedetter. Den moderne bunaden skal vera fotfri, varm, ven, og god å dansa i.

Hulda skriv også praktisk: korleis ein syr ryfter i stakken, kor brei ein bord skal vera (helst 5–8 cm eller meir), og korleis rosesaum og plantefarga garn gjev både prakt og slitestyrke. Ho åtvarar mot å bruke ullgarn på kvitt tøy – det vert gult og graatt av vask. Bruk silke, skriv ho, og bruk mønstra som fylgjer med i bladet. Gjennom denne teksten viser Hulda sitt skarpe blikk for både handverk, estetikk og funksjon. Ho er ikkje berre forfattar og målreisar, men formgivar og folkekunstnar, og ser kvinnekroppen, rørsla og dansen som ein del av nasjonsbygginga. Bunaden er ikkje ein museumsgjenstand. Drakta er levande – og ho skal kunne nyttast med glede. «Finare og høvelegare klæde kann ikkje kvende bera,» skriv Hulda om Golsbunaden. 

Last ned artikkelen på Nasjonalbiblioteket

Kropp, fruktbarheit og form – frå steinalder til stakk

🌀 Frå kalkstein til klede, frå hulevegg til broderi: i tusenvis av år har mennesket uttrykt håp, sansing og tilhøyrsle gjennom kroppen – og kanskje særleg den kvinnelege kroppen. 

🧵  Hulda Garborg sin nasjonale stakk, bygd på Gol-drakta, opnar for mange (over)tolkingar. I grenselandet mellom folkekunst, erotisk symbolikk og modernistisk stil kan ein sjå desse broderia som visuelle forteljingar om både kvinners liv, lyster og landskap.
❤️ Hjarteforma, kjent som symbol på kjærleik, går igjen i både folkekunsten og tekstiltradisjonar. Men hjarteforma er meir enn pynt: ho kan òg representere fruktbarheit, heim og det heilage. I rosemåling og tekstilkunst er hjarte eit vern – eit kraftfelt – som bind kjensle og frukt saman i eit ornamentalt språk.
🍑 I dei broderte mønstra skimtar vi konturar som kan tolkast som vulva og kvinnekropp, utan å bli eksplisitt. Her leikar formene med dobbel tyding. Det sansande får plass – som i Venus-figurane – men gjennom nål og tråd, ikkje kalkstein.
🌾 Dei spiralliknande og bølgande motiva i midten minner om røter, frø, vulva eller jord. Eit symbol på noko som opnar seg, som veks, som går i ring – syklisk tid, kvinneleg rytme, eller rett og slett eit frø til nytt liv. Akkurat som i gamle ritual, frå akitu-festen i Mesopotamia til vårblot i Norden, der menneske ofra til gudinner for å sikre årsvokster og nytt liv.
🗿 Enten det er små gudinnestatuettar eller moderne broderi: folkekunst og fruktbarheitskult rører ved det same – håpet om vekst, overflod og overleving. Ornamenta frå Huldabunaden og Venus frå Willendorf høyrer heime i kvar si tid, men snakkar kanskje om det same: kroppen som kult, som kunst, som kraft.



Eit år med Hulda Garborg – førstemann får signert utgåve!

Eit år med Hulda Garborg  – førstemann får signert utgåve! 29. november kjem boka  Eit år med Hulda Garborg  (299,-) i bokhandel. Dette er e...